logo
 

 

GOLF I STRYN !

Stryn er den største turistkommunen på Vestlandet etter Bergen og her finn du fjord, fjell, isbrear og mange andre flotte tilbod for tilreisande og fastbuande.

Stryn Golfklubb vart skipa 2. mai 2000 og har laga ei 6 hols golfbane på Sætre, ca 4 kilometer aust for Stryn sentrum ved riksveg 15 opp mot Strynefjellet.

Bana ligg idyllisk til langs Stryneelva og på anlegget er det drivingrange med 12 utslagsmatter, treningsgreen for chiping, putting og spel frå bunker. I den tidlegare låven på garden Sætre er det automatar mineralvatn . Informasjon om aktuelle saker frå klubben og andre finn du også her. Slopetabellen finn du der, denne heng også i greenfee boksen ved utslaget på hol 1. Her finn du også toalett.

Bana som over 18 hol er 3 351 meter frå gult utslag og 2 829 meter frå raudt utslag har fine utfordringar både for ferske golfare som dei meir erfarne. På to av hola må ein slå seg over elva, noko som er ein utfordring for alle golfspelare.

Bana har med sine 6 hol to par 4 hol og fire par 3 hol, det lengste holet er 297 meter og det kortaste 118 meter frå gult utslag. Bana vart reslopa somaren 2008. Den aktuelle slopetabellen finn du HER

Frå sesongen 2010 er grønt kort erstatta med Golfkort med klubbhandicap og nye spelarar spelar seg ned frå handicap 54 til 37, og når dei når 36 får dei etablert handicap. Alle registrering av rundar skjer i Golfbox, også for spelarar med klubbhandicap. Det er ein eigen slopetabell for medlemar med klubbhandicap, denne finn du her

Og når vinden kjem nedover dalen frå Strynefjellet setter hol nr 3 par 4 på 297 meter frå gult utslag og 234 meter frå raudt utslag ein kvar golfspelar på ei skikkeleg prøve.

Bana er omkransa av elva, fjell med snø og fossar det er ein oppleving å kunne spele golf på Sætre med ein slik flott natur som kulisse!

Velkomen til ein triveleg golfstund på bana på Sætre og hos Stryn Golfklubb!
AKTUELT:
STØTTESPELARAR:
Hovudsponsorar:
Nordea
 
Andre støttespelarar