logo
 

 

Nyhende

Klar for ny sesong

Bana opner snart

Av Ottar Borch-Nielsen
No ser det ut for at vinteren slepper taket og sjølv om det er meldt regnfullt ver kommande veke, gjer vi no bana på Sætre klar for opning!
Golfsesongen er like om hjørnet og 26. april om ettermiddagen vert driving range gjort klar for trening. Etter kvart vil en kunne kjøpe polettar og magnetkort på Esso i Stryn.

På ballmaskina på Sætre kan ein bruke 10krone myntar direkte på maskina.

Prisane i 2010 er den same som i fjor:
1 bøtte med ballar kr 10,- (polettane kostar også kr 10,- pr. stk. og gjev ei bøtte ballar)
Magnetkort med 10 bøtter kr 95,-
Magnetkort med 30 bøtter kr 285,-

Polettar og magnetkort kan berre kjøpast på Esso stasjonen i Stryn.

Bana gjerast også klar og vll vere klar for spel så snart som mogleg, venteleg ca. 10 mai. Før vi opnar må vi gjødsle greenane og også få ut utstyret på bana. Bana vil vere open når alle flagga er komen ut på greenane.

Vi øsnkjer alle ein fin golfsesong!

(Sist oppdatert 25.april 2010, 21:26)

Gå til nyhendearkiv

AKTUELT:
STØTTESPELARAR:
Hovudsponsorar:
Nordea
 
Andre støttespelarar