Følgjande avtale er inngått mellom Stryn Golfklubb og Nordfjord Golflkubb
Greenfeemedlemskap
Alle medlemar i Stryn Golfklubb som har betalt kontingent for 2010 i kategorien senior med spelerett (kr 1 400,-) kan få full spelerett også på bana på Stokkenes mot å betale vanleg årskortpris
kr 2 000,- til Nordfjord Golfklubb. Desse medlemane får då full spelerett på 2 baner og slepp å betale green fee når dei skal gå ei runde golf på banene på Sætre og Stokkenes.
Turneringar
Alle medlemar i Stryn Golfklubb som har kjøpt årskort på Nordfjord Golfklubb kan delta på alle turneringar som vert arrangert på Stokkenes på same måte som medlemane i Nordfjord Golfklubb. Medlemar i Stryn Golfklubb som ikkje har kjøpt årskort, kan delta på opne turneringar som Nordfjord Golfklubb arrangerar mot å betale den green fee som gjeld og også betale startavgift til Nordfjord Golfklubb. Oversikt over aktuelle turneringar finn du på nettsida til
Nordfjord Golfklubb. Klikk på altenativet Terminliste på venstre side på nettsida.
Opplæring - VTG
Som de kan lese om under grønt kort, har ein innført
Veien til golf - VTG for opplæring av nye golfspillere. Det kan lese meir om opplegget på nettsida til
NGF. VTG er omfattande og krev meir av klubben enn den tidlegare grønt kort opplæringa. Det er mogelg for medlemar i dei to klubbane å delta på opplæringen hos kvarandre. Nordfjord Golfklubb vil i juni 2010 arrangere slik opplæring og nye medlemar i Stryn Golfklubb kan vere med der når det er plass på kurset. Prisen for eit slikt kurs er kr 1 200,- og det gjev etter gjennomføring av heile opplegget klubbhandikap som vil gje moglegheit for å spele golf og etter kvart få etablert handikap.
Sjå på nettsida til Nordfjord Golfklubb
her når det vert arrangert VTG kurs.
Opplæring - protimar
Trenar på Sunnfjord Golfklubb Donovan Goosen vil kunne kome til Stryn eller Eid for å ha instruksjon i løpet av sesongen. Han kan ha individuelle timar eller gruppeundervisning. Han krev at det er minst 6 deltakarar før han kjem oppover. For å få til dette, kan medlemane i Nordfjord Golfklubb delta på instruksjon på Sætre og medlemane i Stryn Golfklubb delta på instruksjon på Stokkenes. Følg med på nettsidene til klubbene når slike kurs vert arrangert.
Vi håper dette samarbeidet vil vere til det beste for medlemane i i dei to klubbane. Etter sesongen2010 vil vi evaluere avtalen for å gjøre nødvendige endringar og eventuelle utvidingar for seinare sesonger.